LES FOR MEG...PLIIIS!
Ein blogg for barnehagar, bibliotek og barnehagebibliotek i Haram
søndag 10. april 2011
Hysj, Hysj!
Hysj, lytt og høyr! Denne boka gjer det muleg, i barnehagen også. Hør, Hør! av Phillis Gershator har oppskrifta på å lytte til årstider, for eksempel ekornføtter om hausten når nøttene samlast. Boka har idéar til kva ein kan høyre på i naturen, og idéane kan overførast til andre område. Det er sikkert rom for litt fantasi rundt lytting når ein har med seg ei gruppe barn i skogen!
søndag 6. mars 2011
Den lille honningbjørnen som var redd for bier!
Som bjørnar flest liker den lille honningbjørnen honning. Det er berre det at biene er sinte og stikker, og han blir redd. Litt honning vil han likevel få tak i og han prøver ulike triks. Etter kvart er det biene som viser han korleis ein skal gå fram når ein ønsker seg noko. Boka har store bokstavar eller BLOKKBOKSTAVAR og korte setningar, slik at dei som har begynt å lese kan finne ut korleis det går med den lille honningbjøenen på eige hand. Dette er ei bok av fire i sereien Hvem er redd?
På jobb med Byggmester Bob
Dei fleste kjenner Byggmester Bob. Dessutan kjenner han dei fleste gjennom jobben sin. Ved god hjelp av maskiner og arbeidskollegar kan han fikse det meste i hagen, ved vegkanten og på offentlege plassar. Bøkene om Byggmester Bob viser korleis vi får det til når vi er på jobb og samarbeider.
Gi gass, Ine
Gi gass, Ine er blant dei finaste norske bøkene for små barn som kom ut i 2010. Den er den første i ein serie om søskenparet Ine og Hasse. Ine er størst og klarer 'alt', og får støtte av Hasse ved hjelp av eit ord om gangen. Derfor er det ho som ber øksa når dei skal ut i skogen for å hogge ned eit tre. Boka har ein leikande tekst med regler skreve av Tore Renberg som eignar seg veldig godt til høgtlesing, men flott illustrasjonar av Øyvind Torseter i form av bretta teikningar og foto. Saman fortel dei om kva dyra har å seie om prosjektet til Ine og Hasse, eit prosjekt for voksne sett frå eit barneperspektiv.
Morsom bok om Brannmann Sam
Boka 'På brannstasjon' viser kva brannmenn gjer ved brannstasjonen og kvar som skjer når alarmen går. I denne boka kan du faktisk kjøre brannbilen Jupiter ved hjelp av klaffar og meir, og vere med å sløkke brannen viss det brenn.
Vil du lese om haien som var redd for det djupe havet?
Den lille haien har blitt for stor til å leike på grunna saman med vennane sine, men er redd for å svømme ut på det djupe havet. Blir han meir modig etter kvart? Boka er fult av flotte bilde frå bunnen av havet, der haien kanskje finn nye vennar. Boka har store bokstavar eller BLOKKBOKSTAVAR og korte setningar, slik at dei som har begynt å lese kan finne ut korleis det går med den lille haien på eige hand. Dette er ei bok av fire i sereien Hvem er redd?
onsdag 2. mars 2011
Om å stå opp
I denne boka står Hopp og Sprett opp ein morgon. Gjennom koselege, fargerike illustrasjonar og enkle setningar blir vi kjent med rutinane og reiskapane som er nødvendige for å få dette til. Dei aller minste kan peike på kvar gjenstand ein møter i løpet av dagens første time. Barn som har begynt så vidt å lese sjølv kan prøve å lese kva kvar enkel gjenstand heiter, for dette står i store bokstavar under kvar av dei. Då blir alle bøkene i serien av Hartmut Bieber om ymse kvardagssrutinar interessante for fleire
Abonner på:
Innlegg (Atom)