Viser innlegg med etiketten kvardagssituasjonar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kvardagssituasjonar. Vis alle innlegg

onsdag 2. mars 2011

Om å stå opp

I denne boka står Hopp og Sprett opp ein morgon. Gjennom koselege, fargerike illustrasjonar og enkle setningar blir vi kjent med rutinane og reiskapane som er nødvendige for å få dette til. Dei aller minste kan peike på kvar gjenstand ein møter i løpet av dagens første time. Barn som har begynt så vidt å lese sjølv kan prøve å lese kva kvar enkel gjenstand heiter, for dette står i store bokstavar under kvar av dei. Då blir alle bøkene i serien av Hartmut Bieber om ymse kvardagssrutinar interessante for fleire

Endelig mat!

Bøker for dei aller minste er laga av stive sider som tåler litt av kvart. Camilla Lundsten er ein svensk design-prisvinnar (for Brio leker) som no har laga ein serie slike bøker om Veslefanten, Makkus og Kanina. Desse fargerike bøkene fortel om kvardagssituasjonar som vi alle kjenner - måltider, leggetid m.m.