Anna Fiske er forfattaren bak tre underhaldande Hallo! bøker. Desse må ein lese mange gangar, for bilda innheld så mange historier ein oppdagar nye kvar gang. I denne gjemme-og leite boka følgjer vi forskjellige vesen som besøker planeten: marihøner, smilande pølser og slanger for å nemne nokre. Boka inneheld merkelege og morsomme situasjonar som grensar mellom fantasi og verkelegheit. Vi er sikre på at barn frå 3-4 år kjem til å fortelje korleis dei tolkar episodane. Dei andre bøkene er Hallo Jorda! og Hallo Byen! I tillegg finst det ei aktivitetsbok: Hallo fargeblyanten. Du kan sjå inn i Hallo Planeten! her
http://www.blaiboka.no/index.php?isbn13=9788202334062#/14
onsdag 2. mars 2011
Endelig mat!
Bøker for dei aller minste er laga av stive sider som tåler litt av kvart. Camilla Lundsten er ein svensk design-prisvinnar (for Brio leker) som no har laga ein serie slike bøker om Veslefanten, Makkus og Kanina. Desse fargerike bøkene fortel om kvardagssituasjonar som vi alle kjenner - måltider, leggetid m.m.
tirsdag 1. mars 2011
Flotte, enkle eventyrbøker
Biblioteket har nokre fine, enkle bøker om kjente eventyr. Dei kjem i to format: i vanleg format for å lese til 2-3 barn, og i megaformat for å lese til større grupper. Språket er nynorsk og der er 1-2 setningar på kvar side. Ei bok i megaformat er så stor at det kan vere enklare å stå når ein viser den fram.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


